onsdag 12. august 2009

Trulovnad!

biletet er tatt hjå svigers rett etterpå

Laurdag 08.08.09 tok Espen meg med ut på sjøen for å fri! Det var ikkje heilt overraskande, fordi han er rett og slett fryktelig lett å lese. 

Torsdagen før, fekk eg melding av han at eg skulle med han ut på sjøen til laurdag, og hadde i grunnen ikkje noe val. Han påsto at det var ein gjeng som skulle ut. Men då eg spurde kven som skulle med, og svaret eg fekk "det for du vente se!", skjønte eg kva han hadde planar om.

 Laurdagen kom, eg hadde spydd dagen før og var framleis kvalm, men eg MÅTTE jo med ut på sjøen. Hadde eg ikkje skjønt kva som skulle skje hadde eg aldri blitt med. Men nå blei eg nå det, og me tøffa utøve Søgne-skjærgården. Det var grått vér, og små-yra litt. Men me SKULLE ut. Me køyrde utover mot nokre holmer, og eg berre venta på at me skulle legge til ein eller annan "romantisk" plass. Heilt til me var midt ute på sjøen, i nokre svære bølgar (frå mitt synspunkt jallfall), der slakka han ned båten. Eg blei kjempe stressa, fyrst og fremst fordi eg va redd me skulle tippe over, eller at eg skulle dette utfor båten, eller at eg skulle spy. Mange tankar svirra oppe i hovudet, og der gjekk han ned på kne!!!  Alt blei så vittig, der eg var stressa over sjøen, og han var stressa over det han skulle gjør. Eg berre lo eg. Men nå blei me jallfall forlova og er lukkelege. Og kyrkja er bestilt 16.oktober 2010

3 kommentarer:

Kamilla sa...

Hurra! Herlig historie:)

Unknown sa...

good times!!! :D:D

Trine Tufteland sa...

gøøøøøøy!!!!!!
Dere æ noen himla bra folk og VEL VERD å bli kjent med!
-Trine
www.trinetufteland@blogspot.com

eller skal vi si: nnn.trine.......
hehe.... wehu